Sikkerheitsrådgjevar i Nødnett

DSB (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap) skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet. Vi er pådrivarar i arbeidet med å førebyggje ulukker og kriser, og bidreg til effektiv ulukkes- og krisehandtering. Hovudkontoret ligg i Tønsberg, og vi har einingar over heile landet. Til saman ...
Vil du bidra til auka digital sikkerheit i kritisk, nasjonal infrastruktur? Nødnett koplar norske nød- og beredskapsaktørar saman, og er avgjerande for den nasjonale beredskapen.
Vi søkjer deg som vil ta ei sentral rolle i sikkerheitsarbeidet med Nødnett. Har du utdanning eller erfaring i vern av telekom- eller kritiske IT-system, vil vi gjerne kome i kontakt med deg.



Du skal
  • sikre planlegging, utvikling og implementering av nye tenester i dagens og framtidas Nødnett
  • ansvar for at sikkerheitsarkitekturen i Nødnett blir utvikla i takt med teknologiske moglegheiter, endringar i trusselbiletet, nye bransjestandardar og endra krav frå styresmakta
  • sikre vidareutvikling og skape gode relasjonar med kundar, leverandørar og samarbeidspartnarar
  • gjennomføre risiko- og sårbarheitsanalysar og sikre implementering av tiltak
  • representere DSB på ulike nasjonale og internasjonale arenaar
  • rådgjeving i eigen organisasjon knytt til cybersikkerheit
Kvalifikasjonar

Du må ha:
  • mastergrad innan relevant fagområde. Bachelorgrad og relevant erfaring kan vege opp for mastergrad. Utanlandsk utdanning må vere godkjent av NOKUT
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • kompetanse innan cybersikkerheit
  • stillinga krev at den som blir tilsett må vere sikkerheitsklarert før vedkomande byrjar i jobben
Det er ønskeleg at du har:
  • erfaring frå cybersikkerheit og/eller førebyggjande sikkerheitsarbeid
  • innsikt i moglegheiter og avgrensingar knytte til digital sikkerheit i kommersielle nett
  • erfaring som sikkerheitsarkitekt eller teknisk arkitekt i IT-prosjekt
  • erfaring frå prosjektarbeid
  • kunnskap om standardar innan informasjonssikkerheit (t.d. ISO 27001)
Personlege eigenskapar:
  • løysingsorientert og med evne til å sjå heilskapen
  • evne til å forstå, forankre og vidareformidle tekniske krav opp mot behova til brukaren
  • sjølvstendig, initiativrik og med god gjennomføringsevne
  • evne til å samarbeide godt med andre og bidra til kunnskapsdeling
Den nye medarbeidaren vår får
  • ansvarsfull og sjølvstendig stilling med gode høve for personleg og fagleg utvikling
  • eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø prega av høg kompetanse, lagånd og godt humør
  • fleksibel arbeidstid og gode pensjons-, låne- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse
  • løn som rådgjevar/overingeniør (kode 1434/1087) med årsløn frå kr 543 500 til 677 600 (lønstrinn 60-72) eller seniorrådgjevar/senioringeniør (kode 1364/1181) med årsløn frå kr 650 300 til 825 900 (lønstrinn 70-80) avhengig av kompetanse og erfaring. For særleg kvalifiserte søkjarar kan ein vurdere høgare lønn. Frå løna vil det bli trekt 2% pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse

Om avdelinga og stillinga
Nødnett er Staten sitt landsdekkjande mobilnett for nødetatar og aktørar med ansvar for samfunnstryggleik og beredskap.

DSB har behov for å styrke organisasjonen vår med ein dyktig medarbeidar som skal bidra til at Nødnett held det nødvendige sikkerheitsnivået og er rusta mot eit trugsmålsbilete i stadig endring. I framtida skal tenesta Nødnett leverast i dei kommersielle mobilnetta. Vi har starta arbeidet med å finne ut korleis dette kan gjerast og står framføre mange år med spanande utviklingsarbeid.

Stillinga er plassert i avdeling for nød- og beredskapskommunikasjon (NBK), som har hovudansvar for Nødnett.

Digital sikkerheit er eit satsingsområde i NBK. Vi gjennomfører no ei rekkje prosjekt for å styrke kapasiteten vår til overvaking, analyse og hendingshandtering.

Ein sikkerheitsrådgjevar i NBK inngår i eit kompetansemiljø beståande av engasjerte og dyktige medarbeidarar innanfor sikring av nød- og beredskapskommunikasjon. Miljøet deltek aktivt i fagleg nasjonale sikkerheitsfora for kritisk infrastruktur i telekombransjen. Ei sentral oppgåve i stillinga er å utforme sikkerheitskrav og arkitektur for neste generasjon nød- og beredskapskommunikasjon.

Du blir ein sentral ressurs som skal bidra til at Nødnett er og blir verande eit trygt, robust og tidsmessig kommunikasjonssystem for leiing og samhandling i det daglege og i krisesituasjonar.

Du vil få arbeide tett på nødetatane (brann- og redningsvesenet, helsetenesta og politiet), som er primærbrukarane av tenestene. I tillegg brukar frivillige organisasjonar, statlege aktørar, kommunar, industrivern og kraftselskap tenestene.

Stillinga kan tilpassast nyutdanna med mastergrad og interesse for vern av kritisk infrastruktur. Nyutdanna oppmodast difor også til å søkje.


Om å jobbe i DSB
Risiko og sårbarheit i samfunnet er i stadig endring. Difor er DSB ein organisasjon i kontinuerleg utvikling. Vi treng medarbeidarar som er tillitskapande, kompetente og gode lagspelarar, og som aktivt bidreg til fornying og forbetring. Som tilsett i DSB er du med på å løyse eit viktig samfunnsoppdrag, saman med dyktige og dedikerte kollegaer. Vi ønskjer oss auka mangfald i organisasjonen, og vi er del av inkluderingsdugnaden. Vi håpar derfor at også kvalifiserte personar med hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne vil søkje hos oss.

Apply for this job

Does this job fit your talents and seem right for you? Don't hesitate to apply online now.

Job Facts

Country
Norway
Location
Oslo
Contract type
permanent
Job-ID
225754